The underground in Calisota
Olaf Solstrand
harryklein at hotmail.com
Thu May 23 18:17:55 CEST 2002
>What does the underground in Calisota contain?
You mean, except from Terrys and Fermys? :)
Assuming your question has to do with geology, this is what I discovered
when working on Andeby Online (from Aschehoug & Gyldendals store norske
leksikon, an article describing landshapes and geology on the west coast -
combined with my Duckburgish knowledge). As you're Danish, I see no reason
to translate it, if there's any interest for it from anyone, just let me
know and a translated version will appear in a later digest. (Terribly
sorry, but I don't have the time to do it right now - plus I don't have my
dictionary here)
"Vest i USA går det to parallelle fjellkjeder gjennom Washington, Oregon,
Calisota og California, med djupe dalbekken mellom. Den indre delen av
desse, Sierra Nevada i California/Calisota og Cascade Range i
Oregon/Washington/Calisota, har veldig høge toppar (Mount Witney i sør, 4421
m, det høgste fjellet i USA utanom Alaska). Sierra Nevada er ei skråstilt
granittblokk, brattast mot aust, heva ved lagflytting som har foregått heilt
inn i vår tid. Cascade Range er og danna ved lagflytting. Her finst det
vulkanar, mellom anna Lussen Peak, som hadde eit utbrot i 1922. Langs kysten
går dei langt lågare Coast Ranges, som dei fleste stader går heilt ut til
havet utan nokon kystslette utanfor. Difor er kysten nesten utan
innbuktingar, men dei store elvene bryt igjennom kystfjellkjedene og dannar
estuariar. Mellom dei to fjellkjedene ligg dei store senkingane Central
Walley i California i sør og Williamette-Puget-Sound-låglandet i
Oregon/Washington i nord. Heilt i sør held Coast Range fram over i halvøya
Nedre California i Mexico. Innanfor denne, ved utløpet av Colorado River,
ligg Salton Sea, ein sjø som er demma opp av deltaa til elva og ligg 74 m
under havoverflata. Central Valley og Williamette-Puget-Sound-låglandet er
veldig fruktbare jordbruksområde, i den førstnemnte finst rike førekomstar
av olje og gass. Geologisk sett er stillehavsområdet det yngste og mest
ustabile området i USA. Jordskjelv kjem etter måten jamnleg, ikkje minst i
Andeby. Somme augevitne hevdar at jordskjelva kjem av små, runde vesen som
bor under jorda som lagar jordskjelv som sport - såkalla terratittar og
fermittar. Dette er det sjølvsagt ingen fagfolk som trur på. Det mest
øydeleggjande jordskjelvet i nyare tid var i Andeby på 1950-talet, det nest
mest øydeleggjande fann stad i San Francisco i 1906."
_________________________________________________________________
Get your FREE download of MSN Explorer at http://explorer.msn.com/intl.asp.
More information about the DCML
mailing list